slideshow slideshow slideshow slideshow slideshow slideshow

Museumssenteret i Hordaland


Prosjektblogg om tekstilindustrien i India

09.05.2012[Norsk Trikotasjemuseum]

Prosjektblogg om tekstilindustrien i India

Medarbeidareane i prosjektet Stoff- Støy-Strev. Glocal Threads – digital textile stories, er nå i Bengalore i India. Følg bloggen deira her: http://glocalthreads.wordpress.com/category/blogg/

Ny heimeside om radiotelegrafisten

07.05.2012[Norsk Trikotasjemuseum]

Ny heimeside om radiotelegrafisten

Me har laga heimeside for to medlemmar av Norsk Kystradio Museum. På sida fortel dei om morsetelegrafi og om opplevingar til sjøs på 1950 og 60-talet. Besøk sida her: http://skipstelegrafisten.wordpress.com/

Osterøy museum søkjer omvisar

07.05.2012[Osterøy museum]

Osterøy museum søkjer omvisar

Vi søkjer engasjert, formidlingsglad og historieinteressert omvisar i perioden juni- t.o.m. september, fortrinnsvis om søndagane. Erfaring frå formidlingsarbeid og gode språkkunnskapar er ein føremon. Søkjarane må snakka norsk og engelsk. Osterøy museum på Gjerstad er eit folkemuseum for Osterøy og dei næraste bydene. Den lokale byggeskikken er godt representert med røykstover, lemstover, eldhus og grindbygd [...]

Skapar- og formidlingsglede på Liv i gamle stover 20. mai!

07.05.2012[Osterøy museum]

Skapar- og formidlingsglede på Liv i gamle stover 20. mai!

I år vert det musikk og song, mang slag mat for små og store, mykje vakkert og spennande å kvila augo på og hendingar og arbeid med mangfaldig innhald! Manger Musikklag bles oss alle i gang, og så kjem det som perler på ei snor – store og små dyr, store og små eventyr og [...]

Omvising med Kari Dyrdal

07.05.2012[Norsk Trikotasjemuseum]

Omvising med Kari Dyrdal

Kari Dyrdal presenterer utstillinga si Jacguardfortellinger. Digital vev på ei omvising søndag 20. mai kl. 14. Opent for alle interesserte.

Vår på Havrå

02.05.2012[Havratunet]

Vår på Havrå

På Havrå startar no førebuinga til årets slått med vøling av hesjer. I slutten av mai skal floren til Litlaløa tømmast for gjenstandar og anna som ikkje høyrer til her. Dette er del av eit stort restaureringsprosjekt.